Transport og Logistikk > Aktuelle saker > Hestehandlaren Kjell Opseth

Hestehandlaren Kjell Opseth

På det velkjente vorspillet på årets Transport & Logistikk forteller Dag H. Nestegard fra boka si om tidligere samferdselsminister Kjell Opseth. Her er også tre tidligere samferdselsministrer ( Navarsete, Skogsholm og Fjærvoll) på plass for å fortelle om politikken nå og da.

Publisert: Endret:

Mannen som forma Norge

Samferdselsminister Kjell Opseth  var mannen som etter fleire tiår med prat fekk Stortinget til å vedta ein flyplass på Gardermoen med eit toppmoderne flytog på den første høgfartsbanen her i landet. Det var også han som etter ein hestehandel med SV fekk bygd den lengste vegtunnelen i verda på 24 kilometer gjennom Sogn.

Hestehandlaren er historia om ein effektiv og viljesterk pragmatikar med svak ideologisk kjerne. Den markante og handlekraftige statsråden stod for oppmjuking av luftfartsmonopolet og gav Norwegian luft under vengene. Han var også den slue strategen som la grunnlaget for Telenors eventyrlege vekst. Kraftsosialisten og næringspolitikaren var statsråd i Gro Harlem Brundtland og Thorbjørn Jaglands regjeringar i til saman sju år, og var stortingsrepresentant i fem periodar frå 1981 til 2001.

Kjell Opseth vaks opp som den yngste av åtte søsken i Førde i Sogn og Fjordane. Faren var glødande sosialist, men også næringslivsleiar. I 1930 starta faren Karl, Førde Sementvare, som framleis er ei blømande bedrift. Farfaren til Kjell, Ludvik Opseth, var husmann og rallar på Bergensbana. Ludvik blei radikalisert då han var med på bygginga av Gravhalstunnelen mellom Voss og Myrdal for meir enn hundre år sidan. Opseth-familien har med andre ord sterke røter i det vestlandske husmannsveldet.

Identifiseringa og lojaliteten til Arbeidarpartiet har alltid vore sterk

Som politikar utmerka Kjell Opseth seg tidleg med eit sterkt engasjement for næringspolitikk. Seinare som stortingspolitikar var det energipolititikken som tok nesten heile arbeidsdagen. At han blei skulda for å vere kraftsosialt såg han på som ei ære.

Hausten 1990 blei han så samferdselsminister i Gro Harlem Brundtlands tredje regjering, og den posten hadde han i heile seks år. Av dei meir enn 40 statsrådane som var innom den regjeringa var han ein av fire som sat i same departement i heile denne regjeringas levetid. Med det blei han også den fagstatsråden i Samferdselsdepartementets 70 år lange historie som har hatt denne posten lengst.

I biografien om Opseth diskuterer forfattaren dei 29 statsrådane som har styrt fram til i dag, i lys av den innsatsen Opseth stod for. Konklusjonen er at Kjell Opseth truleg er tidenes samferdselsminister.

Dei andre som må reknast med er ifølgje forfattaren Trygve Bratteli, Håkon Kyllingmark, Ragnar Christensen, Inger Koppernæs, Johan J. Jakobsen, Kjell Borgen – og kanskje også dagens Ketil Solvik-Olsen.